Målsettinga er å sjekke om den
elektriske installasjonen og det elektriske utstyret er
sikkert å bruka, samt vurdera om det kan vera risiko
for brann. Den skal og avsløra eventuelle feil/manglar
som kan utgjera fare for personar, husdyr eller skader på
gjenstandar.
SERVICE
Består sikringsskapet ditt av gamle skrusikringar?
Då er dette kanskje moden for ei modernisering. Dersom
det ofte ryk sikringar, tyder dette på at anlegget
er underdimensjonert. Kvar gong det ryk ein sikring overbelastar
du anlegget. Du har i dag mange fleire elektriske innretningar
som brukar meir straum enn då anlegget var nytt. Difor
er det ei klok investering å fiksa opp i sikringsskapet
og kanskje få nokre fleire kursar i huset. Samtidig
er det no krav til å beskytta dei elektriske artiklane
dine med overspenningsvern.
24 timars service telefon. Får du
feil eller mistar straumen ring 970 45 111 så hjelper
vi deg. Vi utfører service på alle elektriske
installasjonar, både sterkstrøm og svakstrøm.
Vi har godt utstyrte service bilar stasjonert i heile kommunen,
og er klar til og hjelpa deg når det trengs!
BUSTADINSTALLASJONAR
Enten du skal bygga nytt, bygga på
eller pussa opp. Så er vi med deg frå første
stund, med fagleg kompetanse og gode prisar. Vi leverer
komplette installasjonar på hus, hytte, naust osv.,
og tilrettelegger arbeidet etter dine ønsker. Vi
jobbar gladleg både seint og tidelig for å få
jobben gjort til fastsett dato. Vi leverer alt innan elektrisk
utstyr.
SERVICE
24 timars service telefon. Får du
feil eller mistar straumen ring 970 45 111 så hjelper
vi deg. Vi utfører service på alle elektriske
installasjonar, både sterkstrøm og svakstrøm.
Vi har godt utstyrte service bilar stasjonert over nerast
heile kommunen, klare til og hjelpa deg når det trengs!
BELYSNING
Det finst eit utal variantar av belysning
både til innadørs og utandørs bruk.
Me forhandlar med fleire store importørar og kan
levera det meste. Treng du meir lys eller bare ønskjer
å pynte opp litt? Vi kan interiørbelysning,
enten det er utenpåliggande, innfelt, direkte eller
indirekte belysning. Vi hjelper gladleg til med plassering
av spottar til dei som ønske det.
Utlys er ein viktig del av husets fasade, det finst variantar
som passar til dei fleste hustypar. Vi står klar med
gode råd til dette.
Sg er den største leverandøren vår på
lys. Og vi har alltid med ein katalog som du kan få
kikka i for å bestemma deg. Eller så kan du
få sjå her: Lyskatalog Sg (link!)
Tips om Belysning:
Ta vare på auga ditt. Ein 40-åring treng dobbelt
så mykje lys som ein 20-åring. Er du 60 år,
så treng du seks gonge så mykje lys.
Halogenpærer har ein gjønomsnittleg levetid
på ca. 4000 timer, vanlige glødelamper rundt
2500 timer, lysrørlamper omtrent 12000 og lysrør
12000-16000 timer. Så har du dei nye LED-pærene,
med ein levealder på 40 000 timar og opptil 85% energibesparelse.
Desse er personlig anbefalt av oss.
Lysstoffrør og sparepærer gjer eit "flatt"
og ofte hardt lys og passar best i arbeidsrom, garasje eller
som utlys.
Demping er økonomisk. Ei halogenpære der spenningen
er redusert med 5 prosent har 50 prosent lengre levetid.
Eit rom med mørke fargar treng 20 prosent meir lys
enn eit med lyse fargar.
Tidsbrytar hjelpe på strømrekninga .
Unngå for mange lampar der datamaskina står.
Dei vil gje gjenskin i skjermen og sjenere auga.
Godt lys i trappa førebygger ulykker.
Bruk sparepærer til utlyset. Monterer du også
fotocelle, vil energiforbruket bli lågare.
Oppvarming
Vi anbefaler golvvarme som grunnvarme. Med golvvarme kan
du halda ein lågare romtemperatur og likevel føle
det komfortabelt. Vi anbefaler elektrisk golvvarme i form
av varmekablar eller varmefolie framfor vannbåren
varme. Dette grunngjer vi med at elektrisk golvvarme er
mykje billegare (ca. 1/3) å installera. I tillegg
er virkegraden 1:1, det er ingen overføringstap og
heller ingen vedlikehaldskostnader. Ein varmekabel som er
riktig installert har i dag livstidsgaranti.
Brannalarm
Frå og med 1. juli 2011 skal alle
nye bustadar og fritidsbustader være utstyrt med røykvarslarar
eller system som er tilkopla 230V-nettet og har batteribackup.
Optiske røykvarslarar i bustader skal dekka områda
kjøkken, stue, sone utanfor soverom og tekniske rom,
og må plasserast slik at alarmstyrken er minimum 60dB
i opphaldsrom og soverom når mellomliggande dørar
er lukka. ( En røykvarslar målar som regel
85db på 3meters avstand i fri sikt ). Det må
være minst ein varslar i kvar etasje. Nb! Der det
er krav til fleire røykvarslarar, må disse
vera seriekopla.
Klikk her for meir informasjon om lovverket.